“Kaninbyen”, den kritiske romanen om Stavanger, er skrive av Arild Rein. Boka ble gitt ut av Det Norske Samlaget i 2008 som ein del av prosjektet Heile byen les. Arild Rein har i tillegg til “Kaninbyen” skrive “Hundedagane” og “Grisekoret”. Desse bøkene utgjer til saman Stavangertrilogien som omhandlar forandringa i Stavanger da oljeindustrien kom.
Romanen handlar om den oppsagde politimannen, Jonny Roxmann, som planlegg å selja bakte potetar under Gladmatfestivalen i Stavanger. Inntektene skal han bruka på å komma seg vekk frå “kaninbyen”. Han kjøper ei potettralle av ein innvandrar og stel til seg mykje bacon frå fire coop butikkar i byen. Jonny treffer Kim på ein nattklubb og dei blir kjende med kvarandre, i alle fall kvarandre sine fasadar. Jonny stel nokre slantar av Kim som han brukar på rømme, mais, smør og potetar. Det skal han i tillegg til heimedyrka potetar laga dei lekre bakte potetane av. Salet går bra under gladmatfestivalen, og rett før han drar frå byen får han vita noko merkeleg om Kim.
Image: 'Has he gone yet?' http://www.flickr.com/photos/52538087@N00/3486811594
Romanen “Kaninbyen” er kritisk til byen Stavanger og innbyggjaranes materialistiske og kanskje litt egoistiske liv. Arild Rein sparer ikkje på nokre ord, men sleng derimot ut banneord for å framheva kritikken mot Stavanger. Jonny meiner at siddisar bare investerer i aksjar og lever i luksus som kaninar mens utlendingane og folk i lågare rang arbeidar for dei. Det er nok difor det er blitt danna ein såkalla “Kaninby”.
Eg synast romanen “Kaninbyen” er ganske kjedelege. Eg synast det er lite spennande å høyra om ein oppsagde politimann som sel bakte potetar og likar asiatiske kvinner. Betre blir det heller ikkje når Arild Rein puttar masse banneord i teksten. Banneorda gjer at ein ikkje klarer å konsentrera seg lika godt om innhaldet i romanen. Ein blir meir frustrert av alle banneorda, men kanskje det er meininga med dei. Arild Rein vil kanskje at lesarane skal bli frustrerte slik at ein betre kan forstå at Stavanger er “på galt spor” - at det verkeleg er ein “kaninby” i Stavanger.
Romanen “Kaninbyen” handlar altså om at Stavanger er ein todelt by. Eit miljø som er prega av oljerikdom og friheit og eit miljø som er prega av kriminalitet og arbeidarar. “Kaninbyen” er absolutt ei bok utanom det vanlege, og passar for folk som ikkje treng så mykje spenning og som likar svært kritiske bøker, men for meg er den nok litt for lite spennande.
Kjelda eg brukte til å skriva bokmeldinga er boka Kaninbyen
- Rein, Arild. 2008. Kaninbyen. Det Norske Samlaget. Oslo

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar